Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Arkivtenesta i Ulvik herad er organisert med felles postmottak/sentralarkiv for alle einingane i kommunen. Tenesta er plassert på Tenestetorget i 1. etasje på heradshuset, sentrumsbygget.  

Alle arkiv utanom fellesarkivet (FELL2) er i dag kategoriserte som papirarkiv

sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemiddel i sakshandsaminga og til arkivering. Dersom eit offentleg organ både har papirbaserte og elektroniske arkivdokument i same arkivserie, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldande regleverk.

Arkivdelane i Ulvik herad er:

  • FELL2 (elektronisk arkivdel fellestenester) erstatta FELL (Saksarkiv felles) juli 2020
  • DRIFT (gbnr bygg)
  • PERS (Personalarkiv)
  • LAND (Gbnr landbruk)
  • ELEV (elevarkiv)
  • BRUKAR (brukar helse - og sosial) 
  • BARN (barnehage)  

Arkivskaparar i Ulvik herad

Arkivskaparar i heradet er sentraladministrasjonen og alle dei ytre einingane. Det daglege papirarkivet for heile kommunen samla på heradshuset. 

Fylgjande arkivskaparar skal byggja opp og halda vedlike arkivseriar i kommunen:

  • Sentralarkiv/saksarkiv for heile kommunen
  • Gbnr-arkiv for plan-, bygg,- dele-, oppmålings- og landbrukssaker
  • Personalarkiv
  • Møtebøker
  • Helse og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Skulen - elevarkiv
  • Barnehagen- barnemappar (kjem 2022) 

Alle arkivskaparane skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen

Arkivleiar skal kvalitetssikre arkivet etter reglar for arkiv. 

Laster...