Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Teieplikt

ALLE tilsette, ALLE i politiske verv, og ALLE eksterne som utfører tenester for heradet skal signere erklæring om teieplikt

1. Med alle tilsette meinast:

-          Fast tilsette, uansett stillingsbrøk

-          Mellombels tilsette

-          Vikarar

-          Lærlingar og lærekandidatar

-          Praktikantar

-          Tilkallingsvakter/-vikarar

-          Personar vi har på tiltak gjennom NAV, t.d. arbeidsmarknadstiltak eller vurdering av restarbeidsevne

-          Frivillige som deltek i tenesteproduksjonen

 

2. I tillegg skal ALLE som har politiske verv eller som er valde inn i ein komite eller ei nemnd og signere på slik teieerklæring.

 

3. Erklæringa skal dessutan signerast av personar som er «eksterne», t.d. vikarar frå vikarbyrå, handverkarar eller andre som utfører arbeid inne på eit kontor eller ei avdeling der sensitiv informasjon kan overhøyrast eller oppdagast. Her må kvar einskild leiar utøve skjønn, men regelen er at me heller hentar inn ein for mykje enn for lite. 

Einingsleiarane sørgjer for å innhente signert skjema frå alle tilsette i eiga eining og frå eksterne. 
Tenestetorget sørger for å sende ut til alle som har verv i kommunen (heradsstyre, komitear og nemnder).

WEB SAK: Tilsette: J.førat i PERS. mappa

Politiske verv: samlesak "Teiepliktskjema politiske verv periode ...- .... " 

Eksterne: samlesak "Teiepliktskjema eksterne periode ...- .... " 

Laster...